For lenge, lenge sidan budde det ein ung og klok prins i India.

Han heitte Rama. Rama var ikkje ein vanleg prins.

Han var ein gud som hadde kome til verda.

Kona hans var den vakre Sita.

Då faren døydde, skulle Rama bli konge.

Men han blei lurt og måtte flykte frå landet.

Sita og broren til Rama flykta saman med han.

Dei kom til ein skog og budde der i 14 år.

Men ein dag skjedde det noko fælt.

Medan Rama var ute på jakt, kom det ein demon

med ti hovud og mange armar.

Demonen ville ha den vakre Sita til kone.

Det ville ikkje Sita.

Men demonen fanga henne og førte

henne heim til landet sitt.

Sita berre gret og gret.

Blomstrane og dyra gret saman med henne.

Rama og broren hans leitte etter Sita overalt.

Men dei greidde ikkje å finne henne.

Etter ei tid fekk dei hjelp av Hanuman.

Hanuman var ei ape med heilt spesielle krefter.

Han fann Sita på øya Lanka.

Hanuman fekk bygd ei bru over til øya,

og førte Rama dit.

Det blei ein hard kamp mellom Rama og demonen.

Men til slutt vann den gode Rama over den vonde demonen.

Sita blei sett fri, og heile verda gledde seg.

No kunne Rama ta med seg Sita og bror sin tilbake til India.

Folket ville ikkje ha nokon annan konge enn Rama.

Dei var så glade at dei tende mange tusen lys.