Muhammeds himmelreise

Det var natt. Profeten Muhammed sov djupt.

Brått stod engelen Gabriel framfor han.

Engelen viste han den vakraste hesten som nokon gong var blitt sedd

på jorda. «Dette er Burak,» forklarte engelen.

 

Muhammed sette seg på hesten, og dei flaug heilt til Jerusalem.

Der såg dei ein stige av lys som rakk opp til himmelen.

Profeten gjekk opp stigen saman med Gabriel.

Snart kom dei til ein himmel som såg ut som sølv.

Der møtte dei Adam.

Deretter heldt dei fram frå himmel til himmel.

I kvar himmel fekk Muhammed sjå mykje vakkert, og

han møtte englar og profetar.

 

Til slutt kom dei til den sjuande himmelen.

Han var fylt av eit vedunderleg lys som ingen hadde sett før.

Brått blei Muhammed lyfta endå høgre, og han blei ført inn

til den heilage bustaden.

Han kjende ei søt duft, og det var som ei usynleg hand rørte ved han.

 

Det gav han ei kjensle av ufatteleg lykke.

Her var det at Muhammed fekk overlevert lovene i islam.

 

På veg ned att møtte dei Moses.

«Kor mange bønner om dagen blei fastsette for din religion,» spurde han.

«Femti,» svarte Muhammed.

Då sa Moses: «Folk vil ikkje greie å be så ofte.

Gå heller tilbake og be om færre bønner!»

Muhammed gjorde som Moses sa, og talet blei til førti.

Men Moses sa at det framleis var altfor mange bønner,

og sende han tilbake igjen.

Slik heldt det fram til det ikkje var meir enn fem bønner att.

«Det er framleis for mange,» sa Moses.

«Tenk deg eit vanleg menneske som skal be fem gonger om dagen!

Gå tilbake!» Men denne gongen sa profeten nei.

 

Profeten gjekk ned gjennom stigen saman med Gabriel.

Dei kom tilbake til Jerusalem og fann Burak.

Så flaug dei heim til Mekka.

Muhammed såg opp mot himmelen og fekk sjå dei første strålane av sola.

Reisa hadde berre teke éi natt.